Tilbod til unge vaksne med multippel sklerose (MS)

Tilbod til unge vaksne med multippel sklerose (MS)

  • Er du mellom 18-35 år?
  • Har du blitt diagnostisert med MS i løpet av det siste året?
  • Føler du deg usikker på korleis du kan gå fram med trening med diagnosen MS?
  • Vil du læra meir om trening, og prøve ut ulike former av trening tilpassa deg i trygge omgivnader?

Då kan tilbodet ”Treningsveke for unge vaksne nydiagnostisert med multippel sklerose (MS)” vera noko for deg!

Dette tilbodet er ei vidareføring av eit prosjekt som vart finansiert av Helsedirektoratet. Etter gode tilbakemeldingar både frå deltakarar og samarbeidspartnarar har vi sett behovet for å vidareføre tilbodet. Vi har etter prosjektet vorte tildelt eit driftstilskot frå Bergen kommune, som gjer det mogeleg å finansiere treningsveka. I henhold til regelverket er tilbodet gratis etter at ein har nådd frikort eigenandelstak 2, som i 2018 er kr. 2025.  Det vert ein eigenandel å betale inntil ein har nådd frikort eigenandelstak 2.

Tilbodet består av trening i gruppe 1 time dagleg i ei veke. Treninga vert leia av ein fysioterapeut. Alle påmeldte får ein individuell undersøking av fysioterapeut i forkant av treningsveka, slik at den einskilte deltakar sine behov vert ivareteke under treninga.

Målet med veka er at du skal få prøve ut ulike øvingar og treningsformer. I tillegg får du med deg tips og vegleiing på ulike øvingar og trening som kan vere nyttige for deg å ha med deg vidare i kvardagen.  

Det vert også sett av tid etter treningsøktene til spørsmål, samtale og erfaringsutveksling.

Neste treningsveke blir i veke 49, frå 03.12.18-07.12.18

Tidspunkt: kl 9.00-10.30 (Fredag 9.00-11.00)

Stad: Turbo, Solheimsgaten 9, 5058 Bergen

Er du interessert i å vera med? Eller har du spørsmål angåande treningsveka?

Ta kontakt med:

Fysioterapeut Kamilla Arnevik, tlf: 55 32 05 10

eller e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Adresse

Barnas Fysioterapisenter og Turbo
Solheimsgaten 9
5058 Bergen

Kontakt informasjon

E-post: post@bfsnett.no
Telefon: 55 32 05 10

Donasjoner / Gaver

Stiftelsen Barnas Fysioterapisenter er en allmenn stiftelse som ikke driver økonomisk næringsvirksomhet, og ikke har som formål å drive med overskudd. Eventuelle overskudd benyttes til Stiftelsens formål. Les mer

 
Back to top