Tilbod til unge vaksne nydiagnostisert med multippel sklerose (MS)

  • Er du mellom 18-35 år?
  • Har du fått diagnosen MS i løpet av det siste året?
  • Føler du deg usikker på korleis du kan gå fram med trening med diagnosen MS?
  • Vil du læra meir om trening, og prøve ut ulike former av trening tilpassa deg i trygge omgivnader?

Då kan tilbodet ”Treningsveke for unge vaksne nydiagnostisert med multippel sklerose (MS)” vera noko for deg!

Dette er eit prosjekt som er finansiert av Helsedirektoratet, der ein får tilbod om trening i gruppe 1 time dagleg over ei veke. Treninga vert leia av fysioterapeut. Alle påmeldte får ei individuell undersøking før treningsveka, slik at den enkelte deltakar sine behov vert ivaretatt i treninga.

Målet med veka er at du skal få prøve ut ulike øvelsar og treningsformer. I tillegg får du med deg tips og vegleiing på ulike øvelsar og trening som kan vere nyttige for deg å ha med deg vidare i kvardagen.  
Det vert også sett av tid etter treningsøktene til spørsmål, samtale og erfaringsutveksling.

Neste treningsveke blir i veke 6, frå 06.02.2017 til 10.02.2017. Tidspunkt: kl 9.00-10.30
Stad: Turbo, Solheimsgaten 9, 5058 Bergen

Er du interessert i å vera med? Eller har du spørsmål angåande treningsveka?

Ta kontakt med:
Fysioterapeut Kamilla Arnevik, tlf: 55 32 05 10 eller e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

 

Adresse

Barnas Fysioterapisenter og Turbo
Solheimsgaten 9
5058 Bergen

Kontakt informasjon

E-post: post@bfsnett.no
Telefon: 55 32 05 10

Donasjoner / Gaver

Stiftelsen Barnas Fysioterapisenter er en allmenn stiftelse som ikke driver økonomisk næringsvirksomhet, og ikke har som formål å drive med overskudd. Eventuelle overskudd benyttes til Stiftelsens formål. Les mer

 
Back to top